Logo   Det du vil ha kan vi bygge
 
BESTILL KATALOG  
 

Leilegheiter og bustader på Gjeisarkart
SGS planlegg for tida saman med Oddmund Fjeld AS nytt bustadområde på Gjeisar aust for Lom sentrum. Vi vil her få regulert heile jordvegen for bygging av leilegheiter og bustader.

Vi legg spesielt til rette for eldre som kanskje bur i eit stort hus som er kostbart å varme opp og som tek mykje tid å stelle både innvendig og utvendig. Kanskje er det langt til både butikk og offentlege kontor. Vi tenkjer også på dei yngre som vil etablere seg, som ynskjer å få sin eigen bustad og som vil betale på noko dei eig sjølve framfor å betale leige til andre.

austkantOmrådet og leilegheitene blir svært attraktive:
- alt på eit plan utan trapper.
- leilegheitene blir ljose, lettstelte og rimelege å verme opp.
- stutt avstand til sentrum på ny gang- og sykkelveg.
- luftige tomter med fin usikt og god solgang sommarstid.
- leilegheiter godt tilpassa funksjonshemma og eldre.
- vaktmeisterteneste med tilbod om mellom anna snørydding og plenklypping.
- god brann- og lydisolasjon mellom leilegheitene.

Er du interessert i dette? Ta uforpliktande kontakt på telefon 61211840 eller
på epost sgs-bygg@online.no