HAUGEGJERDET 4 | Attraktive leilegheiter i 4-mannsbustad med sentrumsnær beliggenheit
PRIS
kr 4 452 000 - kr 5 012 000TOTALPRIS
kr 4 462 000 - kr 5 022 000EIENDOM
SelveierBRUKSAREAL
Fra 75 m² til 77 m²Beskriving
Eigedomen ligg i etablert og rolig bustadområde på Haugegjerdet, like ved Ørsta sentrum. Beliggenheita gir kort avstand til daglige servicetilbod som dagligvarebutikk, skular, barnehagar, helsetenester og kollektivtransport. Området er familievenleg og består hovudsakleg av bustadbebyggelse.
Frå eigedomen er det gangavstand til sentrum med eit godt utval av butikkar, kaféar og øvrige servicetilbod. Næraste daglegvarebutikk ligg kun få minutts gange unna. Også busshaldeplass med gode forbindelser til resten av kommuna og regionen finnast der.
Ørsta byr på flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt, med nærheit til fjell, turstiar, jakt- og fiskeområder samt vakre fjordområder. Området kombinerer sentral beliggenheit med enkel tilgang til natur- og rekreasjonsområder, noko som gjør dette til ein attraktiv bustad for både familiar, førstegangskjøparar og dei som ønskjer ein praktisk kvardag.
Bustadane
Dette er attraktive og moderne firemannsbustadar, med livsløpsstandard og gode planløysingar. Bygninga består av totalt fire leilegheiter på 75 eller 77 m2. Leilegheitene har eit lyst og moderne preg, med open stove- og kjøkkenløysing, og to soverom. Bustadane i 1. etasje har uteplass på bakkeplan med moglegheit for hage og markterrasse, og 2. etasje har eigen veranda. Kvar leilegheit har innvendig bod og eigen parkeringsplass i garasje og sportsbod.
Bustadane inneheld stove/kjøkken, 2 soverom, gang, bad, bod/vaskerom, sportsbod og garasje. På området er det tilgong til gjesteparkering.
Trykk på linken til den aktuelle seksjonen ovanfor for mer utfyllande opplysningar.
Nøkkelferdig standard
Våre bustadar vert no levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling, tapet og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.
Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.
I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:
- Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
- Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv, mosaikkflis på golv i dusjsone. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien.
- Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas.
- Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
- Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
- 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
- Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
- Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.
Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei forskjellige vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.
Fordelar med å kjøpe ny bustad
Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad frå Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:
- Fast pris (ingen budrunder som gir auke i prisen).
- Ingen byggelånsrenter (nøkkelferdig bustad vert betalt først ved overtaking av bustaden).
- Lav dokumentavgift (2,5 % av tomteverdi, og ikkje dokumentavgift av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad).
- Ingen oppussing i nær framtid.
- Lave kostnadar til oppvarming (nye bustadar har strengare krav til isolasjon og varmegjenvinning).
- Fem års garanti på ny bustad.
- Eitt-årsbefaring (grundig gjennomgang av bustaden etter ca. 1 år, for å avdekke ev. feil/manglar).
- Eigne farge-/materialval (moglegheit til å sette sitt eige preg på bustaden).
Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 salskontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom de ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.
Kart
Adresse:Haugegjerdet 4, 6153 Ørsta, Norge
Kontakt
