Kort veg til skule og butikk m.m.
Tomtene ligg svært idyllisk til nede ved sjøen. Her får du ein fantastisk utsikt, svært gode solforhold og store friområde. Rolige omgjevnader og kort kjøretur, enten med buss eller bil, til sentrum, gjer dette området svært barnevennleg. Skule, barnehage, butikk, kulturhus og idrettshall ligg alle innanfor ti minuttars køyretur, noko som gjer det enkelt å organisere kvardagen utan lange reiser. Idrettshallen og kulturhuset gir rikeleg med moglegheiter for aktivitetar og fellesskap for heile familien.
Vi har forslag til bustader, men du kan velje heilt sjølv.
Arkitektane til Norgeshus har teikna inn forslag til bustader på tomtene, men det er heilt opp til deg sjølv kva du vil bygge. Du kan hente inspirasjon frå vår husbok, eller du kan få ein av arkitektane til å teikne noko nytt og unikt.
Om du vil lese meir om tomtene på Eikeset, så kan du lese denne artikkelen i Fjordenes Tidene.